Klar for vinteren? Kjøp sesongkort til kampanjepris
Er du klar for nye skidagar i verdas flottaste dal? Frå 1. oktober til og med 1. november kan du kjøpe sesongkort til kampanjepris og gjere deg klar for vinteren hjå oss.
Me gler oss til å starte ein ny sesong og ønskjer både nye og trufaste gjestar velkomne tilbake til Verdas flottaste dal. Denne vinteren byr me på nye arrangement, aktivitetar og gode opplevingar for heile familien – og sjølvsagt held vi ope kvar dag heilt fram til og med 2. påskedag.
Born køyrer gratis
Hugs at alle born opp til 10 år køyrer gratis hjå oss – utan unntak. Det betyr at heile familien kan sjå fram til mange fine dagar i bakken.
Praktisk informasjon
For å gjere skiopplevinga endå enklare, kan du kjøpe årskort for parkering i EasyPark-appen. Takstgruppe for årskort parkering er 6925.
Kampanjesalet varer til og med 1. november, men du kan også kjøpe kortet i kassa på desse stadene:
29. oktober, kl. 11–17, på Campus i Sognekraftgata
30. oktober, kl. 11–17, på Campus i Sognekraftgata
31. oktober, kl. 11–17, på Campus i Sognekraftgata
1. november, kl. 11–17, på Intersport Amfi
Opplevingar for heile familien
Denne vinteren legg me opp til nye arrangement, aktivitetar og gode opplevingar for heile familien. Me held ope kvar dag fram til og med 2. påskedag, og håpar vêrgudane spelar på lag, slik at du får mange minnerike skidagar i Verdas flottaste dal.
Les meir om arrangementa våre her
Velkomen til ein ny vinter
Om du er bygdefolk, turist eller hytteeigar: hjå oss er alle velkomne. Sikre deg sesongkortet ditt i dag, og bli med på ein heilt rå sesong i Sogndal Skisenter!
Vennleg helsing
Gjengen i Sogndal Skisenter