JA. Det snør tett !

Søndagen blir bra !

Me er i gang med å preppa bakkane no på laurdagskvelden og dette lovar bra! Me treng framleis litt tid på oss for å få opne opp att nedfartane i Hodlekvetrekka. Regnet på fredag laga opne elvar i denne delen av anlegget, men i Rindabotn og i Kalvavatni er det no flotte løyper. Hodlekvetrekket vil derfor berre vere ope for at folk skal komme seg opp til resten av anlegget.

PS. Me har problemer med dei to nye web kamera våre. Dei taklar rett å slett ikkje all pågangen :-) Sognenett er på saken og vil finne ei løysing på dette i løpet av kort tid ! nett no er Rindabotn kamera nede, me skal få det opp i morgon tidleg.

Vel møtt til ein flott dag i bakken !

Per Odd Grevsnes