Me er i gang. Såvidt

Endeleg har me so smått kome i gang her i Hodlekve.

3. Januar starta me det gamle Hodlekvetrekket.

Det er ikkje meir snø enn det akkurat må være. Men heldigvis nok til at me no får nokre dagar med etterlengta drift. Barnetrekket i Hodlekve har også starta opp. So både små og store skientusiastar med dei største skiabstinensane har allereie fått testa ut litt og blitt varme i låra. Det samme gjeld for langrennssporet, lysløypa blir forsiktig preparert jamnleg.

Det er fortsatt ikkje nok snø til at me kan starte Rindabotn og Kalvavatni. Me treng nok om lag 40 cm før me kan starta opp dette området.

Dei gamle seier at ein må heilt tilbake til 1996 for å finne ein like sein start som denne. Me får håpe det blir endå lenger til neste gang. Me er i allfall utruleg takknemlig for at me er i gang.

Me freistar også å starte opp med kveldskøyringa i Hodlekve 3. januar. Me anbefalar på det sterkaste at ein nyttar hovudlykt, då det er kun dagløypa som har nok snø. Den er ikkje komplett belyst.

Vel møtt !

Håvard Nesbø