Nytt Hodlekvemagasin på veg!

Då har den fjerde utgåva av Hodlekvemagasinet gått i trykken.

I denne utgåva kan ein mellom anna lesa meir om kva spennande som skjer i skisenteret framover, kva me har gjort framfor denne sesongen. Me besøker to nyinnflytta familiar i hyttene deira. Fjellføraren presenterer sine utvalde og du får ein nærare innblikk i Dalalåven.

Samt mykje meir “dalastoff” fordelt på 48 sider!

Magasinet kjem også ut digitalt i månadskifte okt/nov, på våre nyoppfriska nettsider.

Hodlekvemagasinet er ein utruleg viktig informasjonskanal for Sogndal Skisenter. Me er inne i ein periode der utviklinga skjer fort.

– Det er behov for å nå ut med informasjon når me no vert større. Dette fordi me vil synleggjera prosessen me er inne i. Me veit det er mange som har eit stort eigarforhold til anlegget og området. Då er det på sin plass å informere, slik brukarar, hyttefolket, tilreisande er oppdatert på kva me har av tilbod, og kva som skjer, seier Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i SSD.

Grevsnes legg til at magasinet er ikkje liv laga utan flotte samarbeidspartnarar og sponsorar.

– Det er dyrt å lage magasin. Me hadde aldri greid det utan dei viktige bidragsytarane me har. Magasinet som har eit papiropplag på 11 tusen, er med på å synleggjer den flotte utviklinga Sogndal Skisenter er inne i.

Magasinet kjem ut 25 oktober. Også digitalt på våre nettsider.

Dei tre tidlegare utgåvene kan du lese her: Hodlekvemagasinet

Skjermbilde 2019-10-09 kl. 12.19.33.png
Håvard Nesbø