Viktig bidrag inn mot langrennssporten i Sogn

I ein sambruksavatale mellom Idrettsenteret, Sogndal vidaregåande skule og Høgskulen på vestlandet har ein no fått på plass ei treningsmølle for rulleski i Idrettssenteret sine lokaler på Campus i Sogndal.

Dagleg leiar på Idrettssenteret Kolbjørn Rydvang poengterte på opninga at mølla sjølvsagt også er tilgjengeleg for alle andre som vil halde langrennsformen ved like, eller starte oppkøyringa til vintersesongen tidlegare.


Sogndal Skisenter Drift (SSD) har over lang tid hatt eit godt samarbeid med Idrettssenteret.

– For skisenteret så er dette eit viktig og flott bidrag. For brukarane av langrennsløypene våre er ein betre skodd når snøen kjem og sesongen startar. Det er også med på å «trigge» fleire til å byrja med langrenn, seier Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i SSD.

Med høgre frekvens og auka bruk av langrennsløypene, kan ein på sikt også utvikle tilbodet endå betre, seier Grevsnes.

– Me må tenke litt strategi opp i dette også. Skal me kunne utvikla løypene våre treng me fleire brukarar. Det handlar om tilskot og ikkje minst bruk av eigne ressursar.  Kan ein slik treningsmølle gje oss fleire brukarar, noko eg er viss på. Så er det ein av fleire nye steinar ein legg for å utvikle tilbodet me allereie har, til det betre.  Med eit tilrettelagt barmarkstilbod som ei slik mølle er, er det med på å bidra til rekruttering, og eit fokus for andre om å komme seg ut og opp i løypene når snøen kjem. 

Og den kjem om ikkje så lenge får me håpe.

SSD gratulerer Idrettssenteret med investeringa, og me gler oss til framtida. 

MØLLE: Oda Hov testar ut den nye treningsmølla for langrennsski på Idrettsenteret. ( Foto: Kristine Hus)

MØLLE: Oda Hov testar ut den nye treningsmølla for langrennsski på Idrettsenteret. ( Foto: Kristine Hus)

Håvard Nesbø