Stengt 2. påskedag - sesongen er over for denne gong

Me må berre orsake, men me klarer ikkje å halde ope siste dagen i Påska. Regnet som kom i natt tok med seg for mykje til at me klarer å reparere henget frå toppen av Holentrekket og ned til Kalvavatni. Dermed er også tilkomsten til Kalvavatni smelta vekk.

Me skriv den 21. april og med det set me punktum for denne sesongen her hjå oss. Sogndal skisenter et eit snøsikkert alpinanlegg, men denne sesongen har det ikkje snøa så mykje som me er vane med. Sesongen byrja litt trått, me klarte å opne barnetrekket i Hodlekve nokre dagar i romjula, men det skulle gå enno nokre veker før me fikk i gang resten av skitrekka. Frå midten av januar har me klart å halde trekka i gang. 

No er me alt i gang me å førebu neste sesong, men før det blir det sommar og me har og store planar for den. Det skal bli meir sykling og vandring i Hodlekve! Så skal me planere bakkane slik at me kan klare oss med mindre snø.

Påska i år har vore flott ! Sjølv om dei siste dagane vart grå, vart starten veldig fin. Nattefrosten gjorde at me klarte å levere gode bakkar heilt fram til påskeafta.  

Dalalåven opna rett før påske. Endeleg kan me tilby våre gjestar ein kafe i Rindabotn. I tillegg har me hatt ope nokre kveldar og det har vore god steming.

Konsertane med lokale artistar går inn i historia som legendariske konsertopplevingar! Me gler oss alt  til neste sesong! 

Når snøen no snart har smelta vil me fullføre barnesykkelløypa i Rindabotn. Denne skal stå klar til midt på sommaren i år. 

Takk for denne gong ! 

Guest User