Book hytte i Hodlekve
Hodlekve fjellhytter er perfekt heile året. Sentralt plassert i Sogn og Sogndal Skisenter, er det kort veg til fjord, fjell, brear og pittoreske fjordbygder.
Ynskjer du ei komplett skihelg eller sommarferie, så finst det fleire alternativ og velgje mellom. Anten det er ein liten familie, venegjeng eller større grupper som ynskjer firmatur eller teambuilding. Dei største hyttene har opptil 16 sengeplassar. Felles for alle hyttene er at dei fleste er heilt nye og har høg standard.
Me kallar det rein luksus!
Nokre av hyttene er særs populære så det løner seg og vere tidleg ute.
Fleire bedrifter har no oppdaga fordelen med Hodlekve. Møtesamlingar og sosialt, med den beste ski- og naturopplevinga som godt krydder.
Sogndal Skisenter er naturleg beste geografiske midtpunktet for dei beste opplevingane i Sogn.
Me formidlar catering, skiutleige, skiskule og skiguiding, sykkelutleige, fiskekort og guida turar.