3 fantastiske familieturar i Sogndalsdalen

Lågterskel til det fagraste

Er det ikkje fint? Utsynet mot Sogndalseggi og Grøneskredene, lett tilgjengeleg for små og store føter.

Hyttefolket i Hodlekve er i all hovudsak tufta på snøen me får metervis av kvar vinter. Det er snøen som ofte får alt fokuset, det er i grunnen ikkje ufortjent.

Men har ein lyst å nyta Sogndalsdalen til det fulle må ein ta alle årstider i bruk.  Og skal det bli full klaff så gjer ein det saman med resten familien. Når snøen reiser vaknar naturen att. Og nokre områder blir tilgjengeleg for dei fleste.



Her får du tre kjappe turtips som passar heile gjengen din.

Om Sogndalsdalen er kongen så må dei tre markante sidedalane Laugadal, Frudal og Langedal vera Hersarar.  Ein vert liten i mellom fjedli når ein traskar inn desse dalføra. Alle som ein er veldig enkle turar, som høver for heile familien. Dei har lett tilkomst og det er så og seia ingen annmarsj. Ein byrjar rett på sak. Turar servert på eit sølvfat. 

Berre tenk: Ti minutt frå bilen så er dette utsynet du får på veg inn Frudalen. (Vel rett side av elvi) Berre 10 minutt frå hytta.


Trange dalfører som vinterstid ofte kan vere rasutsette vert omdanna til grøne frodige dalar når snøen reiser. Her beitar sauene til lokale bønder, og landskapet er opent, lett og fint å bevege seg i.

Ein annan fordel med desse turane at ein treng ikkje gå langt for å nyte den fantastisk flotte naturen. Ein får utruleg mykje valuta for lite. Turen vert jo ikkje lenger enn kva ein gjer det til sjølv.

Derfor er desse «sidedals-turane» perfekte turar for heile familien.  

Laugadalen

Inn Laugadalen sett frå stien opp Togga. Herleg. Fjellsporthyttene er gode utgangspunkt for testopphald. Anten hytte 1, 2 eller 4.

Ein parkerer på parkeringsplassen Brendehaugane, eller «Toggaparkeringa» som skifolket kallar plassen.  Her er det til og med ein skogsveg ein kan følja ein god kilometer innover dalen, om ein vil. 

Halvveges inn dalen kjem ein til  stølen Laugi. Framom denne seier segnet at bjørnen lauga seg. Turen inn til botn av Laugadalen er om lag fem kilometer. Heilt inst i dalbotn ligg Laugavatnet, dette ser ein ikkje før ein kjem forbi Nystølstjørni. Som ein oase ligg  denne perla nedanfor Synnevaskjer og Myrdalsbreen.  Snøen reiser seint i dette området, i alle høve heilt inst i dalen, så turen passar seg nok best frå Jonsok og utover. 

Frudalen

Fin sti med Salen i sikte inn Frudalen. Har du ikkje hytte sjølv? Me har fleire hytter for utleige, kve med denne: Fosskamben 1

Eit dalføre som nok er mest kjendt blandt ski- og toppturfolket. Ein parkerar på den vetle parkeringsplassen ved innslaget til Frudalstunellen. ( Ver obs på at når elvi er stor bør ein kryssa over brua på nedsida av riksvegen) Men når snøen reiser, er det ein majestet som opnar seg opp for vandrarar.  Mektige Skjerdingane kneisar opp som ei eventyrborg teken rett ut frå ein  J.R.R. Tolkien roman.  Fjellet Salen ligg i framkant som ein vaktar til borga.  Det er ikkje så langt opp frå Kvålsbotn til botnbreen bak Salen. Så det er ein fin test for små føter, og følelsen av å vera i ei eiga eventyrverd er noko alle vil kjenne på. Små troll gøymer seg ofte bak storesteinen og dei andre kampesteinane. Turen kan forlengast alt etter turform og erfaring. På tre til fire kilometer inn dalen er det eit veldig lett turterreng tilpassa dei fleste. 





Langedalen

Langedalen, fossar og Sogndalsdeggi. Say no more, so dei seier ute i verda. Langedalen er ei eiga verd.

Frå Anestølen er det kort veg til noko av det fagraste. Føl ein stien opp langsmed Langedalselvi  har ein eit fantastisk turterreng lett tilgjengeleg fram til Tverråni og starten på oppstigninga til Sogndalseggi. Der kor den gamle kløvje- og ferdselsvegen mellom Sogndalsdalen og Fjærland gjekk.  Badnakona føl deg på høgre side når du går inn dalen, og Lammanipa på motsett side. Sogndalseggi er prangande. Fjella er ville men også ei fryd for augo. Myrullen viftar fint i det grøne frodige graset. Geitene på Anestølen helsar deg god tur inn dalen, og dei seier velkomen tilbake når du kjem tilbake til bilen. ( Hugs bompengar inn vegen frå Selseng) 

Hugs at dei små turane ofte gir dei største opplevingane. Opplevingar du kan dela med dine nærmaste. Turgleda ein presenterer og lærer borna opp til får ein betalt for ikkje berre i opplevingane på den eine turen. Laugadalen, Frudalen og Langedalen er alle spesielle i sitt slag, dei har alle si eiga sjel. At ein har slike fantastiske turar rett utanfor bildøra kan me berre kalla ein rein luksus. 

Dei gode turminna ber ein lenge med seg. 



God tur.

Frudalen ein haustdag. Maleri? Nei det er slik det berre er.

Laugabotn og “Det hemmelege vatnet” Synnevaskjer markant der ope, med litt av Myrdalsbreen og Styggebotn.