Sommar i Sogndalsdalen

Det er rart og måtte sei det, men når snøen endeleg reiser sin veg, så er det duka for andre flotte aktivitetar i Sogndalsdalen. Sykkelturar, vandring i fagre sidedalar som Laugadalen, Langedalen eller Frudalen, eller opp bratte lier til høge fjell og flott utsyn. Fiskevatn som blenkjer.

Fjellturane treng ikkje vera so krevjande, så det er ein fin aktivitet for heile familien.

Me har ledige hytter gjennom heile sommaren, med kort veg til det meste i hjartet av fjordnoreg.

Sogndal Skisenter formidlar utleige av fleire flotte hytter.

Fjellsporthyttene er perfekt for familiar opp til 7 personar. Desse har me 3 stykker av: 1 2 og 4

Rolfhytta er endå større, og har plass til heile 12 personar. Med badestamp ute på terrasen er dette ein vinnar blant mange av våre besøkande gjennom året.

Siste nytt på utleiefronten er denne flotte hytta her: Fosskamben

Vel møtt til ein flott sommar i Sogndalsdalen.

Litt inspirasjon finn du nok artikkelen her:

dalnPDF-1.png
Guest User