Flotte vinterdagar i anmarsj

– Dette er litt av ein løgen vinter du?

Ja, aprilsnø i februar.

Mildvérsrekordar ved kysten.

Men me har fortsatt vinterlege forhold hjå oss, heldigvis.

No er det minusgrader på nettene, snøen frys til og blir hard. Dette gjer til at driftsleiar Kim Andre og gjengen får preppa skikkeleg.

– Lysløypa blir preparert kvar dag, som vanleg. Høgehaugløypa og “10 kilometeren” vert preppa opp til torsdags morgon, då er det meldt kanonvér, eg vil tru ein dag det vert særs flott å koma seg til fjells, seier han.

Når det er preppa langrenn og fjelløyper kan du sjå oppdatert her: Skisporet.no

Langrennsløypene våre held seg bra, og betre blir det når det no er meldt kaldare til helga.

– Det er gode forhold i langrennsporet no. I alpinbakkane er det for å vere ærleg litt ymse, men ein finn flott skikøyring også her.

I Rindabotn går både Holentrekket, og Toyota barnetrekk. I Kalvavatni er familieløypa inne i ein strøken periode. Perfekte forhold der oppe om dagen. Berre å ta turen. Me har stengt ned pomatrekket i Hodlekve og barnetrekket der inntil vidare, då det er særs tynn sole. Dette ligg jo lenger nede, og er litt meir eksponert for mildvér og regn, som har vore litt av tidlegare, oppsummerar han.

Sjølv om me tek ei pause i Hodlekvetrekket og kveldskøyring, så er det berre å “gønna pao” i Rindabotn.

Me har ope kvar dag 10.00 - 16.00 også denne veka. Og i helga sjølvsagt.

Ein finn fortsatt ledige hytter for utleige om ein ikkje har gitt opp vinterdraumen for i år. Den er ikkje så langt vekke. Distansen frå der du er til Rindabotn, så har du det.

Sjå etter draumehytta di her: AIRBNB

Me har også fått opp to nye interweb kamera, som syner levande bileter i sanntid.

Dei kan du sjå her: WEB CAM

Me ynskjer velkomen til vinterglade skidagar i Sogndal Skisenter.

Fjedle kadla og eg lyte gao!

Sjelefred på Høgehaug, utsyn mot Fjærlandsete, Skriki, Bleia og Storhågen.

Sjelefred på Høgehaug, utsyn mot Fjærlandsete, Skriki, Bleia og Storhågen.

AktueltGuest User