Margareth og Rune gav kvarandre sitt ja i skibakken

Det spørst om ikkje  familieløypa i Kalvavatni no må bli døypt om til bruresløret.

For kven hadde vel trudd at  den familievenlege alpinbakken skulle bli arena for eit bryllup.

Historia er like flott som ho er sann.

Familien Østervold Tøkje frå Os utanfor Bergen, har saman med veneparet Marie Bruarøy og Per Henrik Lunde Bruarøy, dei fire siste åra lagt vinterferieveka si til Hodlekve.

 For det er her i Hodlekve dei trivst.

Lang vekk frå mas og tjas. Som dei seier sjølve, det er her dei finn roen.

– Me likar oss veldig godt  i Hodlekve. Her finn me lett ro, alt er nært, og naturen er fin. Borna styrer seg mykje sjølve utan at ein treng å overvake dei heile tida.  Det er mykje meir avslappa her enn i dei verkelege store skianlegga, seier brura, Margareth Østervold Tøkje. 


At giftarmålet skulle stå i skibakken blei planlagt no i januar. Tirsdag 26. februar skulle bli den store dagen.

– Du veit, ho har no masa om dette i mange år no. So hadde me jo faktisk «presten» med oss på tur. Me ville ikkje gjera so mykje ut av det. Heilt enkelt. Då var det lett å berre få det gjort no i vinterferien, fortel brudgommen Rune Tøkje.


Marie Bruarøy er varaordførar i Os kommune, og jobben som vigslar tok ho på strak arm. Når planen var lagt fata dei tak i driftsleiar i Hodlekve, Kim Andre Navarsete. Som sjølvsagt stilte parat når han fekk høyre kva som var på gang.

– Først må eg seia at dette her er heilt klasse. Det er jo heilt fantastisk. Når nokon vel å gifta seg ein plass så er det ofte for at plassen er spesiell for dei. At nokon vel å gifta seg midt i skianlegget vårt. Det er jo faktisk ganske så stort. Eit betre prov på at folk trivst kan ein vel ikkje få. Så me stiller jo sjølvsagt opp på slike ting.


Kim Andre har røynsle med mykje, men kanskje ikkje akkurat brylupp.

Men driftsgjengen i skisenteret har vore ute ein vinterdag før.

– Eg utnevnde Kurt Ove Vikheim som bryllupsrepresentant og ansvarleg frå skisenteret si side. Er det nokon som har greie på slikt så må det vere han. Det er jo klart  me måtte jo frakta litt utstyr og diverse opp bakken. Så då vart Vikheim sjåfør. Om det finst slike sjåførkurs til bryllup så er det noko eg vurderar å sende han på. Dette kunne me gjort mykje meir av. Veldig artig og ei stor tillitserklæring eller skal me sei kjærleikserklæring til skisenteret, fortel Navarsete.

Han legg til at det var ikkje uventa at det var Margareth og Rune det skulle bli, når det først skjedde.

– Eg kjenner jo etter kvart godt til den flotte buketten frå Os. Smilande og ein oppriktig munter gjeng.  Det er nok stereotypane av ein perfekt gjest. Folk som kjem for å kosa seg, slappar av og har det moro. Slikt smittar. Eg er utruleg glad for at dei kjem tilbake til oss år etter år. Vinterferiveka er ikkje over endå, og dei har allereie gitt beskjed om at dei kjem neste år. Slikt varmar eit driftsleiarhjarte.


For dei nygifte er Hodlekveområdet ei vinterperle. No er det blitt ein plass som dei tek med seg resten av livet.


52961297_400350073843586_6374998160493772800_n.jpg

Write here…

20190226-DSC08487 2.jpg




53323513_390928631699754_5938171674066157568_n.jpg
AktueltHåvard Nesbø