Hei deg plukkar du opp etter hunden din?

Det er høgsesong og vinteren er på sitt beste.

Mange nyttar løypenettverket vårt både på dag, morgon og kveldstid.

Noko me er særs glade for.

Løypene er til for å brukast, og løypene er også til for at ein kan ha med seg hunden på luftetur.

Det er berre eit lite problem, hundane legg ofte att nokre synlege spor på at dei har vore der. Der håpar me du som hundeeigar kan bli med på ein dugnad.

Det er mange som tek med seg hund på tur, men d ikkje alle som ryddar opp, og der igjen eit aukande problem med hundeskit.

Høgehaugløypa er ein av dei mest populære og best tilgjengelege løypene i kommunen, her vert ofte problemet større enn andre stader.

Organisert aktivitet i løypene vert også oppmoda om å rydde opp når ein har hatt hund med seg.

Me ber fint om at du som turgåar ryddar opp etter hunden din, så vert det så mykje trivelegare for alle saman.

God tur med eller utan hund !





f5ef066b684197eee51e08a9d3b1d435.png
Guest User