Velkomen til oss den siste helga i januar


Viktig trivselsmelding til deg! 

Om du ikkje er klar over det. Så er det midtvinter, augeblikkeleg helg.

I tillegg er det gneistrande forhold her hjå oss i Sogndal Skisenter. 

Luftig morgon i Hodlekve

Luftig morgon i Hodlekve

Me diggar deg og så då serverer me deg sjølvsagt denne helga på eit sølvfat.


Sjå berre kva me har på menyen her, ikkje så reint lite: 


  • Me har perfekte forhold for gneistrande carvingsvingar i cordfløylspreparerte bakkar.

  • Me har perfekte trikkeskinner so smyg seg gjennom bjørkeskogen for den gode langrennsopplevinga.

  • Me har 2 barnetrekk der framtidas superheltar lærer seg å stå på ski.

  • Me har aktivitetsdag for born kvar søndag kl. 13.0 med trivselsgaranti. Les meir her: SØNDAG

  • Me har god mat i Dalalåven både fredag laurdag og søndag.

  • Me har preppa løypene til Høgehaug ferdig til klokka 12.00 på laurdag.

  • Me har preppa langrennsløypene i bjørkeskogen til kl. 10.00 kvar morgon

  • Me har ope alle skitrekk kl. 10.00 - 16.00 ( Neumantrekket i Hodlekve med kveldskøyring til kl. 20.00 fredag)

  • Me har nye hopp og parkelement nederst i hovudløypa i Rindabotn.

  • Me har skiutleige i Dalalåven.

  • Me har lyst på besøk frå deg.

  • Me ynskjer du kjøper heiskort online. Det kan du lese meir om her: Heiskort


B67I8106.JPG









Dalalåven:

Fredag er Dalalåven open til kl. 19.00 Frå klokka 12.00 får ein kjøpt ein durabeleg middagsporsjon og på menyen står det Lasagne med Salat, det ikkje «berre ein lasagne,» denne er levert frå Ellevilt nede i Sogndalsfjøra, og er soleis ein krinsmeister i smak.

Laurdag vert det servert storfekjakar med rotgrønsaker og potetstappe. 

I tillegg så får ein kommunens beste vaflar, og vestlandets beste kakako (objektiv tilbakemelding) 

Me har utvida sitteområdet no i desse Korona-tider slik ein også kan nytte den store garasjedelen.




Skiutleige:

Du finn tipp topp utstyrspark for born og vaksne for utleige i Intersport Sogndal sin skiutleige i Dalalåven.




Heiskort:

Me anbefaler alle å kjøpe heiskort online, så sparar ein litt kø og syner omsyn til smittevern. Les meir her: Heiskort.




Overnatting:

Langt å reise, ein stad og sove? Book deg ei hytte og få litt luksus i livet, her: AIRbnb




B67I4893.JPG

Me håpar du kjem!










Guest User