Hodlekve-kveld i Dalalåven 28. oktober
Onsdag 28. oktober kl. 18.00–20.00 inviterer me til Hodlekve-kveld i Dalalåven. Møtet er ope for alle – velkomen!
Hodlekve – meir enn eit skisenter
Kva rolle skal Hodlekve spele i 2036? Denne kvelden samlar me folk som brukar, eig, utviklar og engasjerer seg i området, til korte innlegg og ein open samtale om framtida.
Du får høyre om planar, moglegheiter og neste steg for Hodlekve. Me løftar blikket mot dei neste ti åra og spør kva me vil utvikle, kva me skal seie nei til, og kva grep som kan gi merkbare resultat.
Dette kan du forvente
Velkomst ved ordførar Stig Ove Ølmheim: Hodlekve si rolle i framtidas Sogndal.
Sogndal kommune: Dei neste stega mot ein kommunedelplan for Hodlekve, med presentasjon av kommunedirektør Jarle Skartun og sakshandsamar/prosjektansvarleg Hanne W. Sæther.
Sogndal Skisenter Drift: Arbeidet og investeringane fram til i dag, planar og prioriteringar vidare.
Vestlandsforsking / Sogndal kommune: Kva me har lært, og kva samfunnsendringar me bør ta omsyn til.
Sogndal Røde Kors: Beredskap, tryggleik, aktivitet og frivilligheit.
Sogndal Idrettslag: Alpint, langrenn, SIL-hytta og Hodlekve som arena for idrett og fellesskap.
Sognefjorden Utvikling: Finansiering, næringsutvikling, attraktivitet og bulyst.
Bratt Moro: Fjellsportfestivalen, Dalalåven, skredsenter, kunnskap, aktivitet og arbeidsplassar.
Kvelden blir avslutta med ein panel- og publikumssamtale leia av Sverre Landmark: Kva er dei viktigaste neste stega mot 2036, og kven skal ta ansvar for dei?
Ver med i samtalen
Gjennom Slido kan du spele inn spørsmål, idear, kommentarar og motførestillingar undervegs. Innspela blir tekne med i den avsluttande samtalen og i det vidare utviklingsarbeidet, mellom anna kommunedelplanen.
Enten du er innbyggjar, hytteeigar, grunneigar, student, frivillig eller berre nysgjerrig på framtida til Hodlekve, er du velkomen.
Les meir om utviklingsarbeidet i Hodlekve og sjå bakgrunnsmaterialet →
Stad: Dalalåven
Tid: Onsdag 28. oktober 2026 kl. 18.00–20.00
Ope for alle.
Arrangørar: Sogndal kommune, Sognefjorden Utvikling AS, Sogndal Skisenter Eigedom AS og Sogndal Skisenter Drift AS.