Det var godt med folk rundt borda i Dalalåven då me samla til Hodlekvekveld 28. oktober. Rundt 120 personar tok turen, med bygdafolk, grunneigarar, politikarar, og næringsdrivandei salen. So mange som bryr seg om Hodlekve, samla på ein plass. Det var kjekt å sjå!
Kvelden fekk ein liten vri allereie før start. Sverre Landmark, som skulle leie oss gjennom programmet, kom seg ikkje med flyet frå Gardermoen. Heldigvis stilte Eivind Øgar opp på kort varsel. Han tok utfordringa på strak arm og losa oss stødig gjennom både innlegg og paneldebatt. Stor takk til Eivind!
Ordførar Stig Ove Ølmheim og kommunedirektør Jarle Skartun opna kvelden med å understreke kor mykje Hodlekve betyr for Sogndal og regionen. Eit godt aktivitetstilbod er viktig for at folk skal ha lyst til å bu her, flytte hit og bli verande. Hodlekve skal vere ein av næringsføtene me står på i framtida. Dei peika òg på verdien av å møtast slik me gjorde denne kvelden, for å få gode samtalar og ryddige prosessar om utviklinga vidare.
Frå Sogndal Skisenter innleidde styreleiar Rolf Navarsete, før dagleg leiar i skisenteret og Dalalåven, Kim Andre Navarsete, tok oss vidare gjennom utviklinga og planane framover. Eit viktig tema var korleis utbygging og bidrag til fellesgode heng saman med tilbodet i fjellet. Heisar, løyper og aktivitetar treng pengar til både investeringar og dagleg drift. Samstundes er målet at Hodlekve skal vere ein møteplass der både fastbuande og tilreisande finn glede i å vere, gjennom heile året.
Helge Torstad og Odd Rune Vikheim frå Røde Kors minna oss om arbeidet som ligg bak tryggleiken i anlegget og beredskapen elles i Sogndalsområdet. Det er mykje frivillig innsats bak det å vere klar når nokon treng hjelp.
Helge slo òg eit slag for vidare utvikling. Han fortalde om tida si i kommunestyret då reguleringsplanen for Hodlekve vart vedteken i 2007 sidan. Bodskapen var tydeleg: Har ein først sagt A, må ein òg tore å seie B. Han meinte me må våge å stå i vala og skape nye kvalitetar for både bygdafolk og tilreisande.
Alpin- og langrennsgruppa sparte ikkje på dei gode orda om samarbeidet med Kim Andre og Sogndal Skisenter. Dei trekte fram kor mykje tilrettelegginga betyr for rekruttering, folkehelse og skiglede. Det nye lysanlegget fekk særleg merksemd. Fleire timar med lys i bakken gir born og unge betre høve til å møtast, trene og ha det moro på ski etter skuletid. For alpingruppa er det no viktig at snøproduksjon blir løfta opp som neste investering i Hodlekve. Slike tilbakemeldingar er gode å ta med seg inn i ein ny sesong!
Vestlandsforsking presenterte arbeidet sitt med Framtidas Hodlekve og innspel frå lokale arbeidsverkstader. Her stod møteplassen, naturen og rommet for ulike brukarar sentralt. Korleis me tek vare på kvalitetane i området og samstundes sikrar økonomien til drift og utvikling, er eit viktig spørsmål å arbeide vidare med.
Jomar Haukås presenterte planane til Sognefjorden Utvikling. Først er ønsket å fortette det eksisterande hyttefeltet i Rindabotn med ni nye tomter i 2027. På lengre sikt ser dei føre seg ein fjellandsby på dagens parkeringsareal, med parkering i garasje og ei blanding av leilegheiter og næring. Her vart det skissert eit potensial på om lag 200–300 einingar på areal som allereie er opparbeidd. Tanken er at utviklinga skal gi bidrag til fellesgoda og gjere skisenteret i stand til å investere vidare i heisar og anlegg.
Til slutt tok Yngve Hallén frå Bratt Moro oss med tilbake til starten på Fjellsportfestivalen. Det som byrja med ein idé frå Tor Yttri og ein gjeng engasjerte folk, har sett tydelege spor i bygda. Yngve løfta særleg fram den enorme dugnadsinnsatsen gjennom åra og det gode samarbeidet med skisenteret. Bak festivalopplevingane ligg det mange timar med arbeid frå folk som har hatt lyst til å få noko til i lag.
Etter innlegga samla me deltakarane til paneldebatt. Gode spørsmål frå salen gav rom for både svar og ulike syn på vegen vidare. Det var verdifullt å få så mange av dei som brukar, driv og bryr seg om Hodlekve, med i den same samtalen.
Dalalåven sørgde for ferske vaflar og kaffi til alle. Det høyrer med når ein samlar bygda!
Tusen takk til alle som kom, og bidrog til ein flott kveld. Me tek med oss både engasjementet og innspela i arbeidet vidare.
Og medan me ser tilbake på Hodlekvekvelden, kryp snøen nedover bakkane våre. No er me i siste fase med programmeringa av det nye lysanlegget. Det nærmar seg den kalde fine tida, i verdens flottaste dal.