Pangstart for nytt hyttefelt

8 av 15 tomter gjekk første månaden

I Januar 2019 la Sognefjorden Utvikling ut det fjerde hyttefeltet i Rindabotn for sal.

Det vil seia at  i feltet som består av 15 hyttetomter vart over halvparten bokstaveleg talt rivne vekk. Ein over snittet god start på eit nytt år.

Lenger oppe i fjellsida. 

– Det er eit flott og solrikt område som no er opna opp. Utsikta  er vakker. Så det er ikkje rart at me fekk ein god start på dette feltet. Me nærmar oss no 110 selte hyttetomter totalt. Samstundes som ein har fått på plass Dalalåven, så byrjar det verkeleg å ta form. Dette er berre moro. Dette syner også at me er eit attraktivt område. Eventyret held fram her i Hodlekve, dette er berre starten. Framtida blir spennande, seier Jomar Haukås i Sognefjorden Utvikling (SU)


Med fortsatt auke i tomtesal gjev dette også synergiar for framtidig drift av Sogndal Skisenter.

Sjølv om hyttebygginga og skisenteret er to separate ting så gjer det eine det andre betre. Det er litt som hand i hanske.

– Når me får selt fleire hyttetomter så legg me samstundes inn meir midlar i utviklinga av skisenteret.

Me er komne godt igang. I framtida vil det jo komme endå nokre fleire skitrekk. Ein vil få utbetra eksisterande bakkar. Samt ein vil tilrettelegge for aktivitetar også på sommartid, seier Haukås, som legg til.

– Hodlekve skal ha eit tilbod heile året. Her skal vere noko for dei absolutt fleste.  Utan eg skal gå i detalj så veit eg at skisenteret har spenstige og spennande prosjekt på gang. Me skal nok aldri bli størst. Men me skal bli veldig gode på det me har.


Berre så langt i 2019 så utgjer tomtesalet ein omsetnad på10 millionar kroner.

Sidan utbygginga starta er tala endå meir imponerande seier Haukås.

– Den totale omsetnaden sidan me startar nærmar seg no fort 500 millionar.  Hodlekve skulle bli det nye Campus. Store ord sa mange. Men sjå på tala, no er jo me snart der.  Dette gjev ringverknader for heile regionen.


I byrjinga av utbygginga var det mange lokale som heiv seg på å bygde seg hytte i Hodlekve. 

No ser ein at det er  stadig fleire «langvegsfarande»  som vel området som sin andre heim.

– Me ser ein stor auke frå Bergensområdet, frå Sunnfjord og frå Austlandet. Det som gjer det meir attraktivt er jo auke i aktivitetstilbodet. Nytt barnetrekk, Dalalåven, forbetring av eksisterande anlegg og at me har langsiktig planar, avsluttar Haukås.


Positive synergiar

Synergiane gjev seg mykje sjølv. Auka omsetnad for handel og næring, auka omdømebygging. Under byggjeprossessane så blir mykje jobb lagt til lokale entrepenørar. Det kjem inn meir midlar til utvikling av skisenteret. Ein får betre løyper og skibakkar når ein får råd til å utbetre desse. Ein gjer grep for å skapa aktivitetstilbod for heile året. Til dømes turløyper, sykkelløyper, aktivitetspark og serveringsstad.

– Det er ein vinn vinn situasjon dette. Når SU sel tomter så får me også meir midlar inn til drift og utvikling. Me har eit bra skianlegg i dag. Men me vil sjølvsagt bli betre. Av det som me allereie har står det att ein god del arbeid. Til dømes planere utbetre eksisterande bakkar. Forbetre “svake punkt”. Ei betre tilrettelegging. Byggje produktet vårt meir heilheitleg. Også sommarstid. Me ynskjer folk i anlegget heile året. Me har fleire sykkelstiprosjekt på gang i anlegget no. Alt frå lågterskel for dei minste, til meir beint-ned for garva downhillsyklistar. Dette er mellom anna kva midlane som blir vidareført til oss, vert nytta til. Forklarar dagleg leiar i Hodlekve, Per Odd Grevsnes.

Fleire hytteeigarar har allereie starta med utleige av hytter når dei sjølv ikkje nyttar dei.

Det er ein markant auke i reiselivet. Også blant tilreisande utanlandske gjester. Som reiselivsdestinasjon er det Hodlekve viktig for regionen.

– Utleige av hyttene er ein raskt veksande marknad. Hytteeigarane vel sjølv periodar dei leiger ut. Fleire har fullbooka så og seia heile vintersesongen. Me snakkar nok allereie no om ei dobling frå fjoråret, seier Grevsnes.

Ynskjer å samla utleigehytter på felles portal

Med utleie legg han at det er på privatmarknaden. Dei fleste hyttene som er til utleige er det utleigarane sjølve som driftar gjennom portalar som Airbnb og finn.no

– Men det er ei klar målsetting for oss å samle alt på ein felles digital portal. Der skisenteret kan vere ein formidlar. Saman med reiselivsaktørar som Visit Sognefjord og fjordnorway er det muleg å koble det heile saman som eit totalt reiselivsprodukt. Dette er noko me jobbar med no, forklarar han.

Grevsnes utdjupar at med ei samhandling kring bookingtenester og utleige. Kan ein tilby ein endå meir komplett pakkeløysing.

– Når me har fått ei bookingteneste opp å gå. Kan me i tillegg tilby utvask, utleigeski og utstyr levert rett på hytta i ei og same bestilling, lettvint frå våre eigne nettsider. Samme med matvarer og catering. Me veit at dette fungerer særs godt hjå andre skidestinasjonar. Så kvifor skal det ikkje fungere her. Ein må tenke på at dei fleste som kjem på besøk, kjem i helgane. Då vil ein ikkje stresse unødvendig. Det å koma til duk å dekka bord er noko mange er særs nøgd med.

Nokre tenester er på plass

Intersport Sogndal er allereie klare. Med etableringa i Dalalåven, kor ein finn skiutleige og sportsbutikk er det no muleg å få henta ut, eller levert utstyr rett på hytta. Av varer Intersport ikkje har i Dalalåven så leverer dei dette på særs kort tid frå hovudbutikken i Sogndal sentrum.

Det same kan seiast om cateringdelen. Kafé Krydder står for den daglege drifta av kiosk og café i Hodlekve og Rindabotn. I tillegg leverer dei catering til hytter på bestilling.

Noko er på plass, mykje står att. Men ein er absolutt byrja på vegen inn i framtida.

Her kan du lese meir om kva hyttetomter som er ledige: TOMTEKART

Her kan du kontakte tomteutbyggjar: HYTTEFELT

Skisenter i vekst. (Foto: Håvard Nesbø)

Skisenter i vekst. (Foto: Håvard Nesbø)

Nytt hyttefeilt. (Foto: Håvard Nesbø)

Nytt hyttefeilt. (Foto: Håvard Nesbø)

AktueltGuest User