Me er klare til ei ny helg på ski, er du ?

Det har våre mykje snakk om låge temperaturar denne veka. Her hjå oss har me og hatt låge temperaturar, men det går fint å stå på ski sjølv om det er litt kaldt, og om sola kjem fram blir det reine påskestemninga! No ser det og ut til at temperaturen er på veg oppover.

Denne helga er truleg den siste utan eit nytt barnetrekk i Rindabotn. Barnetrekket er klart, men me ventar på godkjenning i frå Statens taubane tilsyn.

Fjelløypene er supre, langrennsløypene likeeins! Små lommer med uspora laussnø for dei som leitar:-) men ikkje nok til at me kjører laussnøekspressen denne helga.

Det er elles perfekt carving føre i alpinbakken !

AktueltGuest User