Møt oss og kjøp sesongkort

 

Klar for ny vinter? Kjøp sesongkort no

Frå no og fram til og med onsdag 1. november kan du kjøpa sesongkort til rabattert pris. Møt oss på Intersport eller Fosshaugane Campus.


I dagane frå måndag 23. oktober til torsdag 26. oktober riggar me oss til på Fosshaugane Campus med skipass-maskina vår. Dagen etter, fredag 27. oktober og laurdag 28. oktober, er me på plass hjå Intersport Sogndal og sel rabatterte sesongkort der.

Likar du å venta til siste liten, så riggar me oss til att på Fosshaugane Campus frå måndag 30. oktober og sit her fram til siste frist for rabattkjøp, onsdag 1. november.

Sjølvsagt kan du gjera alt frå godstolen heime; gå inn på nettsida vår og fiksa kjøpet ditt her.

Men har du spørsmål om kva sesongkort som passar deg best, kanskje du skal kjøpa kort til heile familien, så er me altså fysisk til stades på Fosshauagne Campus og Intersport Sogndal dei før nemnde dagane.

Ta turen innom for ein kjekk skiprat, og for ein god handel!

Her kan du møta oss:

23.10 - 26.10 - Førehandssal Fosshaugane Campus (11.00 - 16.30)

27.10 - 28.10 - Førehandssal Intersport (16.00 - 19.00 på fredag og 10.00 - 15.00 på laurdag)

30.10 - 01.11 - Førehandssal Fosshaugane Campus (11.00 - 16.30)