Gratis sesongkort til alle opp til 10 år!

 

Alle barn opp til 10 år (til og med 4. klasse) får gratis sesongkort hjå oss i Sogndal Skisenter. I ei tid der stillesitting er ei aukande utfordring mellom dei yngste, vil me gjera vårt for å auka aktivitetsnivået.

Det er dei yngste som er framtida vår, og det er dei me må gje ein god start på livet. Og kva er kjekkare enn å leika seg i snøen? 

Fram til og med 1. november har me sesongkort-kampanje hjå oss med rabatterte prisar. Det er no du bør sikra deg sesongkort til deg og familien, og har du ein eller fleire smårollingar i alderen opp til 10 år, kan du få med gratis sesongkort på kjøpet.

Me har hatt ulike ordningar tidlegare retta mot dei yngste, men dette har ikkje alltid vore like lett å skaffa seg oversyn over. No gjer me det så enkelt som mogleg: Til og med 4. klasse får gratis sesongkort ved Sogndal Skisenter.

Velkomen til ein snørik vinter!