Ny skihelg i Hodlekve

Ny helg i Hodlekve.


Me har fortsatt gode forhold her i Sogndal Skisenter Hodlekve!


Sjølv om det er nokre dagar sidan siste snøbør av betydning, så syner Sogndalsdalen seg til sin rett. Stabilt og kaldt, snøen ligg lenge her.


I helga kan du kose deg  i nystrigla kordfløyels-preppa bakkar.  Du kan gå i oppkøyrde spor til Høgehaug, eller gå so mange runder du vil i langrennsløpene våre.


Kjøper du Weekendkort hjå oss, så gjeld det også for kveldskøyringa fredag. ( opent: 18.00 - 21.00)


Laurdag og Søndag går alle trekka frå k. 10.00 til kl. 16.00

Fjelløypa til Høgehaug med klassisk spor står klar når du kjem fram laurdags morgon.

Langrennsløypene er også klare, til kl. 10.00

Ho Lise melder inn at ho har fullt fokus på ekstremt gode vaflar og sjølvsagt SIL-kakaoen sin. 

Den finn du i hyttao som alltid.

Vetle Lisebu står raud og fin i Rindabotn, og som før kan du i skrensesvingen fata med deg ei pølse som du kan knaska på opp Rindabotntrekket.


Skibussen går frå Sogndal Skysstasjon kl. 11.00, til Rindabotn. 

Med retur kl. 16.00 frå Rindabotn, den stoggar også ved Hodlekveparkeringa om ein gjev signal til bussen.


Me har fått spørsmål om fjelløype vidare til Fjærlandsete og Sumhaug. Her treng med ein god halvmeter til med snø, før me kan køyre opp. Men som sagt før, det er jo knakandes flott oppe på Høgehaug då.


Det er også flotte forhold no for toppturar, eller fjellturar som me likar å kalle det her i Sogn. Meldingane me har fått frå folk seier at det er mykje god snø i forskjellige himmelretningar. Uansett planlegg turen din med tanke på trygg ferdsel. Sjekk varsom.no. Du kan også nytte ein guide, noko me anbefalar: breogfjell.no norgesguidene.no  sogndallodge.no


Ynskjer du overnatting i skisenteret, kan du om du er kjapp på labben, leiga deg flott hytte, kva som er ledig finn du her: AIRBNB.


Me ynskjer deg ei knakandes god helg, og velkomen til fjells. 


Robert Ruud i Gønnerønnet tidlegare i veka. (Foto: Karl-Kristian Muggerud)

Robert Ruud i Gønnerønnet tidlegare i veka. (Foto: Karl-Kristian Muggerud)

Lise her altså. Vaflar og Kakao………..

Lise her altså. Vaflar og Kakao………..


AktueltHåvard Nesbø