Herleg helg i vente. Kom å leik med oss

Vel møtt til ei ny herleg skihelg

Alt ligg tilrette for atter nokre flotte dagar her hjå oss i Sogndal Skisenter Hodlekve.


Me har fått fersk påfyll på om lag 20 cm kjærkomen nysnø frå oven, og litt til er venta å komme natt til laurdag.

Andre stader i landet trykkjer dei på pudderalarmknappen med slike mengder.

Men me held sjølvsagt att. Me er godt vande. Så mykje seier seg sjølv at skikøyringa vert god denne helga. Følg med på vår Facebook og Instagram for oppdatert info om me vel å sette inn laussnøekspressen. Det kan godt vere den går.

Skikøyringa vert også god i dei nypreparerte bakkane våre.

Og forholda i Høgehaugløypa er upåklagelege.

Me preppar opp der laurdags morgon. Vérmeldinga ser bra ut på laurdag, solgløtt på Høgehaug, er absolutt ikkje feil. Det er heller ikkje mykje om å gjera før me snart kan preppa til Fjærlandsete.


Har du ikkje bil så går skibussen.

Frå Sogndal Skysstasjon kl. 11.00 både laurdag og søndag. Med retur frå Rindabotn kl. 16.00. Bussen stoggar også ved Hodlekveparkeringa på signal om stopp om du vil gå på der.


Alle trekka våre er opne laurdag og søndag, og forholda er topp. 

Fredag har me ope i Rindabotn og Toyotatrekket 10 -16 

Samt kveldskøyring i Hodlekvetrekket frå 18 -21

Laurdag og Søndag er alt opent frå 10 til 16. 


Denne helga kjem også Norske Redningshunder på besøk att.

Dei trenar jamnleg i området opp mot Høgehaug, så ein snøscooter og nokre voffsar samt hundeførarane i refleksvestar vert nok sikkert å sjå. Men det er ingen dramatikk. Me tykkjer det er stas.


Skipatruljen er også på plass.

Ser du dei ute i bakkane så svarar dei meir enn gjerne på spørsmål om du har. Samt du får sjølvsagt ei hjelpande hand, om det er nødvendig.

Vel du å gå tur utanfor preparerte løyper, oppmodar me på det sterkaste å lese skredvarselet på varsom.no

Me minner om at ein ikkje skal ta seg ut i vegbana langsmed Fjærlandsvegen. Det kan vere livsfarleg


Me har blant landets beste vaflar og kakao.

Det er det Lise som sørgar for, ho held opent i SIL-hytta mellom 10-16 laurdag og søndag. Samt Vetle Lisebu serverar ski in/out pølser i Rindabotn.


I dag torsdag, vart reguleringsplanen for det nye hyttefeltet endra slik at den vert meir lik tidlegare reguleringsplanar i hyttefeltet. 35 nye tomter er no for salg ovanfor Rindabotn. Det er spennande tider. Ta gjerne kontakt med Sognefjorden Utvkiling om du er nyfiken på dei nye tomtene.

Dalalåven  er snart inne på oppløpssida. Allereie til vinterferievekene vonar me at Intersport Sogndal er komen på plass i den nye skibutikk/skiutleigen sin. Det blir stas å få dei i hus.


Fjellsportfestivalen har fortsatt ledige festivalpass. Dei har eit forykande flott program i år. Rindabotn blir arena for mykje av aktivitetane. Og me smelle like godt til med nokre heidundrandes afterskiar i garasjehallen. Sjølvaste DJ Dan syter for legendarisk høg stemning.

Føljer du oss på Facebook og Instagram, kan me tipse om dei daglege storyane våre. Der er litt av livet bak heiskortet skildra, og annan god stemning frå gjestene i skisenteret og dalen vår.

God helg til deg,

Vel møtt til skiglade dagar hjå oss.


Janni Røssevold, strøken stil, herleg laussnø i høgjfjellet tidlegare denne veka ( Foto Are Moniz Wergeland)

Janni Røssevold, strøken stil, herleg laussnø i høgjfjellet tidlegare denne veka ( Foto Are Moniz Wergeland)


Landstoppen i beste vaflar og kakao. Sjekk det ut sjølv. Lise har skills.

Landstoppen i beste vaflar og kakao. Sjekk det ut sjølv. Lise har skills.

Slik har me det om dagen. Vel møtt til oss.

Slik har me det om dagen. Vel møtt til oss.

IKKJE FEIL MED HYTTE HER? 35 nye tomter er no regulerte for salg i Rindabotn.

IKKJE FEIL MED HYTTE HER? 35 nye tomter er no regulerte for salg i Rindabotn.

AktueltGuest User