Skibussen er tilbake

Tide køyrer skibuss til Sogndal Skisenter kvar laurdag og søndag utover sesongen.

Skibussen startar frå Helgheim (Sogndal Folkehøgskule) klokka 0955, stoppar ved Sogndal Skysstasjon klokka 1000 og legg inn stopp ved Elvatunet og Ingafossen på veg opp til Sogndal Skisenter og Rindabotn.

Retur frå Rindabotn mot Sogndal klokka 1600 presis.

Billettprisen er 40 kroner turen.

Responsen var bra då me fekk sett opp att skibussen sist sesong, og det er heilt avgjerande at folk nyttar seg av tilbodet om dette skal vara. Billettinntektene frå skibussen er langt frå nok til å dekka kostnadene, men det er viktig for oss at dei som ikkje har bil har høve til å koma seg opp i anlegget vårt.

Sprei ordet; få med deg kompisar og venninner og ta skibussen! Det er sosialt og kjekt, og så gjer du ein innsats for miljøet. God tur!