VINTERFERIE. – Kom å leik med oss i snøen!

Endeleg vinterferie!


I veke 8 & 9 har me ope alpinbakkane kvar dag mellom 10.00 - 16.00.

Trass i eit sørgjeleg mildvér og regn, har me endå mykje snø å ta av.

I påvente av kaldare vér og meir tørr dunsnø så er det knall forhold for dei som likar digg påskeslush.

Langrennsløypene blir preppa kvar dag. Turløypa til Høgehaug har også fått seg ein oppshining. Så følg med på yr.no so kan du planlegge inn når sola gløttar fram. Når det er preppa finn du ut på skisporet.no

Det er meldt meir snø her i Hodlekve. Og Torsdag 21. februar brakar Fjellsportfestivalen laust. Det er endå festivalpass tilgjengeleg.

Sogndal Skisenter er hovudarena for arrangementa under Fjellsportfestivalen, på dagtid.

Her finn du demoar på ski og anna utstyr, konkurransar og mykje moro. Sjekk nettsidene til festivalen om du finn noko som passar deg.

Fredag 22. februar og laurdag 23. februar inviterer Fjellsportfestivalen til AFTERSKI. Kari Traa er på plass. DJ Dan er på plass. Bula Beanie Boogieparty er den mest legendariske festen på vestlandet. No kjem den til oss!

Det er fortsatt nokre få hytter ledige no i vinterferien. Du kan sjekke meir på Airbnb for å finne di draumehytte. (Klikk: her)


Heilt til slutt så vil me minne om Barnas dag i Rindabotn under Fjellsportfestivalen.

Søndag, 24. februar 2019 11:00  15:00 LES MEIR HER: Barnas Dag

VEL MØTT TIL VINTER OG MORO.


Me gler oss til å sjå deg !


Herleg dag i vente.

Herleg dag i vente.

Write here…



Skjermbilde 2019-02-18 kl. 16.41.01.png
Skjermbilde 2019-02-18 kl. 16.45.01.png











Guest User