Koronavernreglar

Tiltaksplan for Sogndal Skisenter, smittevern mot Koronasmitte

Sogndal Skisenter er eit viktig tilbod og aktør som tilretteleggar for fysisk aktivitet.

Utandørs aktivitetar som skisenteret famner om, er sett på som tilbod med låg smittefare,

 når smittevernstiltaka vert følgt opp av besøkande og tilsette.

Det er ditt pålagte ansvar som gjest og hjelpe oss i dugnaden mot Koronasmitte.

Desse enkle reglane SKAL  du følgje:  

  • Sjuke og personar i karantene, samt personar med mistanke om smitte skal halda seg heime.

  • God hand- og hostehygiene og forsterka reinhald.

  • Vask og desinfiser nevar før og etter besøk i kafé, butikk, og toalett. Pass på at borna gjer dette også.

  • Halde minimum 1 meter avstand til andre enn sitt eige reisefølge og generelt reduser kontakt mellom personar

  • Sit kun ein og ein på T-kroktrekk om ein ikkje tilhøyrer same husstand/reisefølgje/kohort.

  • Registrere deg med QR-KODE/tlf nr. når du skal inn i Dalalåven. (Plakatar er sett opp på inngangsdører)

  • Kjøp skikort online Har du ikkje keycard kan du likevel kjøpe kortet online. Då må du hente det ut i skipass, det tek kortare tid. Me sel og blanke kort på Intersport Sogndal. Husk at du kan bruke keycard frå andre skidata anlegg.


Andre tiltak me utfører: 

  • Heiskø blir organisert med minimum 2 meters avstand frå andre personar. Unngå opphopningar med folk.

    Følg våre «Hodlekvevertar» sine innstruksar, ved og i Dalalåven.  

Alle som skal inn må registrere seg med mobilnummer  i høve smittesporing.   

  Dalalåven set opp ein enkel Vippskiosk utandørs. 

   Generelt auka vakthald og hyppigare reinhald i heile anlegget. Samt eigne parkeringsvakter.

 


Skjermbilde 2021-01-29 kl. 13.36.52.png
Skjermbilde 2021-01-29 kl. 13.36.42.png
Skjermbilde 2021-01-29 kl. 13.37.14.png
Skjermbilde 2021-01-29 kl. 13.36.42.png
Guest User