Vinterferie i Hodlekve

B67I1031.JPG

Vinterferiefest i Sogndal Skisenter


Hjå oss legg me til rette for ein minnerik vinterferie, for alle.

Legg vinterferien din til Sogndal Skisenter Hodlekve kun 10 minutt frå Quality Hotel Sogndal:

Hotellpakkar finn du her:

Hotell og ski i Sogn 2 døgn

og her:

Hotell og ski i Sogn 3 døgn

Det er ei spesiell tid for oss alle, så årets program er litt endra utifrå kva me hadde lyst å servere deg.

Du kan lesa meir om koronatiltaka våre her: Koronavernreglar

Me har fått på plass mykje trygg utandørs moro kvar dag, og vonar du finn noko som fyller dagane med gode minner.

Me minner om at ein kan kjøpe heiskort online kontaktfritt og ein sparar kø.

B67I2869-2.JPG

Vinterferie del 2

Aktivitetar veke 9


Mandag 1. mars

Skihopp i Toyotatrekket, eit arrangement for born. Kl. 13.00

Dalalåven open 10.00 - 16.00

Tirsdag 2. mars

Hinderløype i Toyotatrekket, eit arrangement for born. Kl. 13.00

Kveldskøyring i Hodlekve kl. 17.00 - 20.00

Dalalåven open 10.00 - 16.00

Onsdag 3. mars

Orienteringløype på ski, eit arrangement for born. Kl. 12.00 - 14.00

Dalalåven open 10.00 - 16.00

Torsdag 4. mars

Akedag i Toyotatrekket, eit arrangement for born i alle aldrar. Kl. 13.00

Kveldskøyring i Hodlekve kl. 17.00 - 20.00

Dalalåven open 10.00 - 16.00

Fredag 5. mars

Slalomleik i Toyotatrekket, eit arrangement for born i alle aldrar. Kl. 13.00

Kveldskøyring i Hodlekve kl. 17.00 - 20.00

Ellevilt grillar på utsida av Dalalåven.

Dalalåven open 10.00 - 19.00

Hundesledetur: Booking på fjordhusky.no

Laurdag 6. mars

SGNskis ungdomslaurdag,( kun førehandspåmelding.)

Sognenett dagen, skileik, meistring og moro for born med Sognenett

Ellevilt grillar på utsida av Dalalåven.

Dalalåven open 10.00 - 19.00

Søndag 7. mars

Skihopp i Toyotatrekket, eit arrangement for born i alle aldrar. kl. 13.00

Dalalåven open 10.00 - 16.00

86263009_228091204883420_6580594748849913856_n.jpg

Armslag




Her i vinterparadiset Hodlekve skal du finne roen og bli rik på gode opplevingar.

Her hjå oss skal du kunne lade batteria dine samstundes som du fyller på med gode minner og får aktive dagar for heile familien.

Det er enkelt og vera aktiv i Hodlekve. Du styrer nemleg alt sjølv. Ditt eige tempo og dine eigne val. Med armslag og naturen og snøen som din beste leikekamerat.

Hjå oss ventar kilometervis med nypreparerte langrenn- og turløyper på deg. Om du vil gå i bjørkeskogen eller i høgfjellet vel du sjølv. Fritt val frå øverste hylle

Me har 5 skitrekk og 9 nedfartar i alle dugleiksgrader.

Frå lågterskel barnetrekk og lågterskel grøn familieløype til raud, blå og svart løype. Ein finn noko for absolutt alle hjå oss.

Vinterferferievekene er for oss festvekene. Det er då me verkeleg feirar vinteren som er vår beste ven. Den feirar me aller helst saman med deg.

Er du ny på ski, eller berre vil forbetre din skidugleik? Me tilbyr skiundervisning. Les meir om det her: SKISKULE


I Dalalåven finn du Intersport Sogndal sin skiutleige. Topp utstyr for nybyrjarar til proff.

Me anbefaler også at du testar ut hundesledekøyring med fjordhusky.

La deg fascinere av desse firbeinte venene som dreg deg innover fjellet i eit bedageleg tempo.

Vel møtt til flotte vinterdagar og vinterferie hjå oss!

DJI_0968.JPG

Høgehaugløypa ein vinnar. Sjekk når me preppar på skisporet.no

Siste innspurt før ein kakao i Dalalåven?

Siste innspurt før ein kakao i Dalalåven?

DJI_0792.JPG
Skjermbilde 2021-02-16 kl. 14.22.46.png








Guest User